HVA VILLE VEL LIVET VÆRT UTEN DEG?

Teksten er skrevet av min nære venninne igjennom mange år,  Mari Svartveit Hansen. Gift og mor til to skjønne jenter. 

Eg møter deg kvar dag med å konstantere
at du er der. Du er der bak handa, bak beinet. Eg ser deg midt i fjeset og fnys. Du er ein del av meg og eg er ein del av deg. Eg veit eg må leve med deg på godt og vondt.

Du gjer meg av og til så sint, eg skrik mot deg, du svarar med å dytte meg i ryggen med ein enorm styrke. Eg reiser meg opp, som ei stolt mor. Eg er sterkare enn deg i dag. Du legg ei bør på mannen min sine skuldre. Døtrene mine ser deg og møter deg i kjent stil. Dei ser bort. Av og til mobber dei deg, ler av deg. Du klarar ikkje vinne over oss. Høyrer du?Du kallar deg cerebral parese.

Eg kallar deg av og til fiende, men du har og gjeve meg vener, opplevingar og erfaringar. Du gav meg og mannen min.

Kva hadde livet vore utan deg? Eg kunne ha dansa i graset utan sko. Men tenk om eg hadde dansa einsam? Utan deg, men utan Kim, Siri, Linde og utan vener? Hadde det vore betre?

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg